Søndag 12. juni: Sjøveis kyrkjereis til Fedje

Ei vakker sjøreise med tre fjordabåtar frå Bergen, Osterfjorden og Solund til Fedje i havgapet.

Søndag 12. juni blir det høve til å oppleva flott Nordhordlandsnatur frå sjøsida.

Dei tre fjordabåtane Vestgard, Atløy og D/S Oster vil då gå frå Bergen, Osterfjorden og Solund/Gulen langs tronge sund og breie fjordar med Fedje som mål. NB! Det var opphaveleg sett opp fire båtar. Dette er no redusert til tre båtar, så programmet blir redusert med at Flatøy aust ikkje får anløp.

Kl. 12.00 blir det gudsteneste i Fedje kyrkje, kl. 15.00 går så båtane tilbake, same ruta.

Båtane vil ha stoppestad på mange av dei gamle kaiane i Åsane og Nordhordland på si ferd mot Fedje. Detaljar om stoppestader og rutetider, prisar m.m. finn du på www.kystkultur.no.

Set av datoen og bli med på ei førsommaroppleving av dei sjeldne!

Arrangementet er eit samarbeid mellom Fjordabaatane, Kystkultur.no og Fedje sokneråd.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"